SPØRSMÅL OG SVAR

Skriv du sjølvbiografisk?

Nei ja. 30 av bøkene mine er skrivne i eg-form, men…alt er nytt og ukjent for meg, og alt eg har opplevd og tenkt og stole kjem frå meg sjølv og ut i teksten.

Korleis får du inspirasjon til å skrive?

Då vil eg sitere forfattaren Brit Karin Larsen, som sa at problemet er ikkje å få inspirasjon, men å unngå å få. Sjå artikkelen min om Kreativ mani.

Kva vil du formidle?

Det kan ikkje seiast på annan måte enn eg har gjort i bøkene mine. Eg vil formidle det same som ei blåklokke eller eit løvekyss. Tematisk handlar det ofte om samspelet mellom dyr og menneske, at vi høyrer saman. Overgangsformer mellom dyr og menneske er spennande!

Korfor begynte du å skrive?

Fordi eg ikkje kunne late vere, det var ei pirrande glede og ein billeg rus. Sidan vart eg avhengig.

Har du alltid drøymt om å bli forfattar?

Det kan tenkjast, og eg har det vel i blodet. Oldefar min skreiv bøker. Han var fengselsdirektør i Oslo, i Møllergata 19, og skreiv blant anna romanen ”Stemmen” om ein fange som lærer seg det bankespråket som fangane brukar seg i mellom, og så etterkvart høyrer denne ein fangen ei stemme tvers gjennom murveggen. Bestemor mi skreiv bøker, blant anna dikt og forteljingar. Ho drøymde nok at eg skulle bli forfattar. Men eg måtte vente til eg hadde fått meg skrivemaskin. Så daua ho, og eg fekk skrivemaskinen hennar. Året etter debuterte eg.

Likte du å skrive då du gjekk på skulen?

Ja då, eg likte å skrive stil, særleg ville stilar som læraren ikkje hadde sett maken til. Eg las mykje, særleg folkeeventyra og Brehm ”Dyrenes liv”.

Veit du korleis boka skal slutte før du begynner?

Nei, heldigvis ikkje. Det hadde blitt for kjedeleg om eg berre skulle fylle ut mellomrommet for å kome i mål. Å skrive er å leite etter noko anna, noko ukjent. Finne ein hemmeleg sti.

Kva for ei av bøkene dine likar du best sjølv?

Den eg held på med eller nett er ferdig med. Det kjem vel av at sjølve boblinga er det kjekkaste. Men ofte blir er forundra og gledeleg overraska når eg les ”gamle ” bøker. Har eg skrive dette?


SPØRSMÅL OG SVAR OM BILDEBOKA ”FROSKEN”, illustrert av Gry Moursund

Korleis blei denne boka til? Ja, kor tek du det ifrå?

Oppskrifta står i den første novella i samlinga Hundar i mørkret, som også kan kallast eit essay om det å skrive: ”Kunsten å ikkje vite kva du vil.” Nesten alle bøkene mine er blitt til på ein måte som kjennest heilt tilfeldig, det kan vere eitt ord eller ei setning om dukkar opp, utanfor min kontroll. Frå denne første setninga veks det så fram nye setningar, nye uventa idear, ordspel, lyse og mørke sider. Kunsten å ikkje vite kva eg vil, det betyr også at eg ikkje veit korleis handlinga vil utvikle seg og korleis det går til slutt. Eg innbiller meg at dersom eg sjølv i starten kan sjå for meg at handlinga skal utvikle seg slik og slik, så vil også lesaren kunne gjere det. Og eg har berre ei parole for skrivinga; Du skal overraske deg sjølv! Men sjølve ideen til Frosken blei til på ein spesiell måte. Takk til Harald Nordberg, illustratør og mystikar frå Askim, som har illustrert fleire av bøkene mine. Han spurde meg om eg kunne lage ein bildeboktekst der to uavhengige forteljingar gjekk side ved side. Det treng ikkje vere så svære greier, sa han, det kan berre vere ein liten frosk som hoppar bortover i graset. Og den andre historia? spurde eg. Nei, det anar eg ikkje, det må du finne ut, svara han. Ja vel, så sat frosken der i graset og begynte å hoppe, og den andre historia om faren og sonen dukka opp frå ingenting. Så voks desse to historiene fram side ved side, ein heftig vekst som blei til i det eg kallar skapande rus. Men då eg sende Frosken inn til forlaget til vurdering, var dei svært kritiske, særleg fordi dei to historiene ikkje hang saman. Tanken min – og Harald sin, var at nettopp det at historiene var ulike og uavhengige, men plassert saman ville føre til spennande samspel, ei ny oppleving i kvar lesar, og at eg ikkje måtte knyte dei saman for at dette skulle fungere. Men etter påtrykk frå redaktøren i forlaget begynte eg å leite etter samanhengar, og dermed kom ein ny vekst- og bobleperiode med uventa samanhengar mellom livet til frosken og dei to andre skapningane.

Når kom Moursund inn?

Då vil eg først nemne at forfattarar av bildebøker er svært ulike når det gjeld ønskjet om samtalar og samarbeid med illustratørane. Og illustratørane er ulike, i den forstand at enkelte ikkje tåler kommentarar eller innblanding frå forfattaren, andre vil gjerne møte forfattaren, stille spørsmål til teksten og få kommentarar til skisser og illustrasjonar. Sjølv er eg bildekunstnar, og eg har heilt frå samarbeidet med Olav Hagen om Plommetreet i 1984, insistert på at eg ville vere med på å velje illustratør, og så i neste omgang møte illustratøren, både på eit tidleg stadium og etterkvart som teikningane utvikla seg. Det har forlaget etterkvart gått med på og funne ut er ein fruktbar arbeidsmåte. Då forlaget og eg for nokre år sidan leita etter illustratør til Arkimedes og brødskiva, ”oppdaga” eg Himmelkua og såg med ein gong at Gry var den rette for meg og for den teksten. Sidan har ho illustrert Arkimedes og rulletrappa og no Frosken, og eg har ei sterk og sprudlande god kjensle at vi utfyller og forsterkar kvarandre sine uttrykk. Då forlaget hadde sagt at Frosken var eit usamanhengande manus som ikkje egna seg som bildebok, sende eg det til Gry, som vart svært oppglødd og straks såg korleis det kunne illustrerast, og korleis illustrasjonane kunne vere med på å knyte saman. Ja, det var faktisk då vi møttest for å ta imot Kulturdepartementet sin bildebokpris at eg fortalde ho om det nye manuset og problema eg hadde kome opp i. Om eg hugsar rett, begynte ho på eiga hand og eige ansvar å lage skisser, og blei endå sikrare i si sak. Det inspirerte meg til å jobbe vidare med teksten. Så hadde vi møte med redaktøren og bildesjefen, og dermed vart alle meir og meir opplødde for det som skulle bli bok. Forlaget meiner at dette med to heilt ulike historier sett saman er ein nyskapning. I ettertid har eg kome fram til at ein ny type tekst fortener eit nytt namn: Flettetekst.

Har du mottakargruppa i tankane når du skriv?

Både og, særleg og. Å skrive er i stor grad ein umedveten prosess, der teksten veks fram og nesten formar seg sjølv. På den andre sida visste eg sjølvsagt at dette skulle bli ei bildebok, mao for dei som ikkje kan lese sjølv. Men mitt syn på barnebøker er at dei skal vere utfordrande og interessante for vaksne og. Det er kunst. Vi vaksne skal ikkje kjede oss når vi sit og les for ungane, heller ikkje når vi les den same boka for tiande gong. Du brukar uttrykket ”tunge tema”, og det stemmer, eg bryr meg ikkje om å skrive bøker som berre er lette og festlege, - heller ikkje bøker som berre er tunge og trasige, fordi eg opplever livet (og kunsten på det sterkaste) som ei blanding av lys og mørke, der det leikne er fletta saman med det som er blodig alvor. Det du fortel om at ungar i ulike aldersgrupper fester seg ved ulike sider ved teksten, eller i dette tilfelle ulike historier, stemmer med mine idear om ein rik og vellukka tekst; det vil seie at kvar lesar kan bli gripen av ulike sider ved teksten, teksten kan opplevast på ulike nivå, som det heiter på fint. I denne teksten dukkar det opp mange tema som eg er oppteken av, blant anna dette at ein del ungdomar (og ektefellar) føler eit stort og tungt ansvar for sine handicappa foreldre - eller søsken. Men det er tydeleg nok for meg som vaksen lesar at også forteljinga om frosken er alvorleg nok, dei mest alvorlege spørsmåla i livet blir lufta, men det som gjer det leikande og lett er vel både illustrasjonane og at frosken er så truskyldig og livsglad, trass alt. Det gjer at ungar som les eller høyrer og ser denne bildeboka kan feste seg ved denne sida av froskelivet og dessutan gle seg over at dei forstår meir enn den stakkars frosken.

<-- Hans Sande - Heim