KANONFORSLAG: HANS SANDE

Avisartikkel i Firda av Anders A Fitje. lektor, litteraturvitar og medarrangør av Gloppen Litteraturfest.

Vi har i fylket vårt ein forfattar av stort format, som skriv bøker i mange sjangrar, som får prisar for bøkene sine og positiv omtale i riksmedia, men som verkar å vere usynleg i dei lokale media og historieverka. Skriv han ikkje lokalt nok, lojalt nok?

EIN ANNAN SANDE
Forfattaren Hans Sande fortener ein plass i sinnet og hjartet til vestlendingar og lesande nordmenn generelt. Han fortener også ein plass i ein vestlandskanon. Han burde stå på trygg plass i litteraturhistorier og i bokmeldingar i lokalavisene. Kvifor gjer han ikkje det?

Ved ein beklageleg glipp har forfattarane av Vestlandets historie (2006) utelete Hans Sande i oversikta over representative forfattarar frå Vestlandet. Dette verket er eit samarbeid mellom ulike utdanningsmiljø på Vestlandet, og finansiert av Sparebanken Vest. Her dukkar dei vanlege stjernene i den litterære vestlandshimmelen opp: Olav H Hauge, Einar Økland, Kjartan Fløgstad, Eldrid Lunden, Ragnar Hovland, Jon Fosse, Frode Grytten, Lars Amund Vaage. Ikkje namn å bestride dette, for all del. Men også: Hans Sande, takk. Og i same andedrag som dei nemnde ovanfor.

I april i år kunne Gloppen Litteraturfest ynskje velkomen til ei kveldssete der forfattaren og kunstnaren Hans Sande vart presentert. I år er det 39 år sidan han debuterte som forfattar med diktsamlinga Strime. Den fekk han Tarjei Vesaas sin debutantpris for. Til neste år kunne det kanskje vere på sin plass for heimbygda, og lokalavisa i heimbygda – Sande er busett i Førde – å ha ei aldri så lita jubileumsmarkering? I Gloppen sa han at i heile den tida han hadde vore busett i Førde hadde han gjeve ut sju bøker. Ingen av dei var omtalte i avisa Firda.

RASTLAUS
Kanskje er det den rastlause vekselbruken mellom vaksenlitteratur og barne - og ungdomslitteratur som hindrar stjerna til Sande i å skine slik som dei andre? Barnelitteraturen er liksom ikkje vaksen nok for enkelte. Men Sande har, i samarbeid med røynde illustratørar, gjort sitt til at denne litteraturen held så høg kvalitet i dag som den gjer. Han har provosert og imponert. Med bibelpastisjane i Elefantevangeliet (1999) skapte han sure miner. Saman med Gry Moursund har han gjeve ut biletbokserien om Arkimedes, og ei anna biletbok, Slangen i graset frå 2007, fekk han pris frå Kultur- og kyrkjedepartementet for.

I vaksenlitteraturen høyrer han stundom til dei glade vestlandssurrealistane, slike som Ragnar Hovland og Einar Økland, og stundom til karnevalistar som Kjartan Fløgstad. Han skriv høgt om dei små og lågt om dei store. Men han apar ikkje etter nokon, og prosaen hans liknar ikkje på noko anna. Den er burlesk, og minelagd av språkbomber som detonerer når ein les, for Sande er glad i ordspel og blødmer. Han leikar seg, og er glad i å terge på seg både språk-og andre moralistar.

TVISYNT
Det gjorde han ikkje minst i romanen Sprekk frå 2001, om guteprostituerte og profetar langs Akerselva i Oslo. Novellesamlinga Hundar i mørkret frå 2003 er nok den teksten som liknar mest på ein poetikk, ein tekst om eiga skriving. Her syner eit språkleg og etisk tvisyn at han er i slekt med Aasmund Olavsson Vinje: det handlar om å sjå det mørke i lyset, og det lyse i mørkret. Sande har ein stor motivkatalog. Kanskje er det dette at han ikkje skriv så mykje om Vestlandet, som gjer at vestlendingane ikkje ser han så tydeleg?

Det kan synest som ein dumdristig geskjeft å skulle skrive ein nolevande forfattar inn i ein kanon. Ikkje desto mindre er det viktig at vi minner kvarandre om at det finst samtidige forfattarar som har kvalitetar utover det reint notidsmessige, som ikkje berre skriv ”aktuell” litteratur – sjølv om Sande gjer det også – men som synest å vere undereksponerte i offentlegheita.

Det er kanonfeber i Noreg. Frå Litteraturfestivalen på Lillehammer har vi fått ein slags offisiell norsk kanon; vi har fått ein kanon over norsk Fjellitteratur; og Dagbladet kårar dei viktigaste sakprosabøkene til høglydt debatt. Ein kanon er ei liste over godkjende tekstar, godkjende etter ein eller annan målestokk – men kva slags målestokk? Eit kriterium er kvalitet, eit anna er påverknadskraft, og eit tredje originalitet. Arne Garborg og Olav H Hauge er gode vestlandsforfattarar. Desse kan seiast å stette alle tre krava for godkjenning. Ein kanon treng trygge søyler å kvile på, men kva med nyare titlar? Kva gjer nyare forfattarar til kanonemne?

DET LITTERÆRE KRINSLAUPET
For at ein forfattar skal hamne i kanon, eller i det heile verte lest, må ein i det minste vite om han. Det er ikkje automatisk slik at ein forfattar, sjølv om han år etter år skriv gode bøker, hamnar på forsidene i avisene eller for den saks skuld i eteren i det heile teke, slik at leseglade vert klare over han og sporar opp tekstane hans og les dei. Han må kunne promotere seg sjølv, eller ha følgje av vakne journalistar som føl med på kva som vert gjeve ut, og av redaktørar med vilje til trykking.

Når ein forfattar slepper ei bok, ein som er god på å promotere seg sjølv eller har følgje av vakne journalistar, går alarmen i redaksjonane. Dersom dei ikkje har fått tak i eit prøveeksemplar allereie, vert boka hanka inn, lest og vurdert av nokon med litterær pondus. Heile forfattaren sitt oeuvre vert omtala i artiklar og litterære seminar. Forfattaren sjølv vert kalla inn til intervju, han reiser rundt på opplesingar, og drikk vin på haustfestar. Dei som er ekstra gode på sjølvpromotering, bryt seg inn og trykkjer bilete av seg sjølv på veggen, slike ting. Avisene dekkjer og kommenterer. Forfattaren er ein del av det litterære krinslaupet.

Forfattarar som er del av det litterære krinslaupet, vakar i medvitet til forfattarar av litteraturhistorier, og vegen kan vere kort frå litteraturhistoriebøker til kanonlister. Det er ikkje det same, men overgongen kan vere glidande. Dei som ikkje er inne i dette krinslaupet, står i fare for å verte gløymde, oversedde. Det bør ikkje vere ein skjebne Hans Sande skal lide.

 


<-- Hans Sande - Heim