DET KVITE PULVERET, ungdomsroman, Gyldendal 1980.


Konsulenten skreiv:

”…Men i dette manuset får vi en ganske tradisjonell spenningshandling med flinke unger som tør farlige og vanskelige saker. Jeg skjønner ikkje at en forfatter som har et så levende språk og formidler slike fine nyanser mennesker imellom går bort fra det fine opplegget på de første sidene. Jeg opplever rett og slett at forfatteren er for god til å skrive en så tradisjonell historie.”

Redaktøren skreiv:

”Når det gjeld tabu-ord og -skildringar må vi sjølvsagt og diskutere det! Eg skulle ønskje vi kunne akseptere det, men vi veit no i utgangspunktet at boka da ville bli nulla, ikkje innkjøpt etc, så det er da eit spørsmål som må diskuterast i denne vår formyndarverd!”

Men boka kom ut med tabuord og spenningshistorie.

Kritikarane skreiv:

”Boka er drivande god. Vanskeleg å leggja frå seg sjølv om ein er bortimot tre gonger så gammal som hovudpersonane. Mange tykkjer dei har noko med å setja opp reglar for barnebøker. Det må ikkje vera stygt snakk, og framfor alt ikkje kjønn. Boka skal vera oppbyggjande og positiv. På den andre sida er det kanskje bøker som berre ser problem og elendighet. Hans Sande balanserer fritt og fint mellom desse to ytterpunkta. Ungane i boka bannar. Det kjenner til og med til at foreldra har eit seksualliv. Det er fint å sjå at dei for ein gongs skuld har eit naturleg forhold til dette. Foreldra er ikkje søndsagsskulelærarar heller. Dei festar og drikk innimellom. Kranglar gjer dei og, og har sine feil og manglar. Men ungane er glade i dei, og har torong for den tryggleiken dei vaksne kan gje. Likevel er dei i oppposisjon til dei…Desse ungane er sunne og harmoniske . dei har fantasi, tiltakslyst i behald. Og dei brukar det. Forfattaren får fram dette på ein fin måte. Boka er fylt av eit barnsleg overskot. Hadde eg ikkje visst betre, ville g trudd det var ungane sjølv e som hadde skrive henne.”

Lars Amund Vaage i Kvinnheringen

”Innledningsvis er det mye bra om de tre unge ”heltene” våre., mens de ennå bare er tre alminnelige 11-åringer - og før de blir ”helter”. Men når spenningen trappes opp, blir det ikke stort mer enn ytre handling igjen – og den er omtrent så tradisjonell og lite fantasifull som vanlig i slike fortellinger. Egentlig er det å beklage at Hans Sande har skrevet boken slik han har gjort. Han har antydningsvis mye mer talent enn han får ut av denne boken.”

John Hollen i Aftenposten